Smalahovelaget har som føremål å skape samhug, godhug og mathug for norsk mål, mat, sed og skikk mellom dei som tek del i veitsla. Eit slikt ofseleg måltid krev nokre enkle reglar festlyden imellom:
- Urein eting vert ikkje tolt (unorsk mat, fjelg eting, o.l.)
- Festlyden syter for drykk og godhud ved festen - det bør helst være godt samhøve mellom sterk og veik drykk (ein liten føresmak høyrer til ved bordsetet)
- Kniv og gaffel kan brukast om naudsynt
- Det er illherveleg og ukjuren fremferd å sulke til innbu og lausøyre samt andre festdeltakarar. Utgausing av fysnemat bør helst skje med ope glass.
- Det er songpåbud ved festen. Ulikt tonelægje deltakarane mellom er berre ein fyremun, då det er viktig å få fram mangfaldet i norsk kulturliv.
- Godhug og skønsemd andsynest andre festdeltakarar, skjoldmøyer og hærmenn bør synast i rikeleg monn. Hopehav og samhug trengs i blåkalde tider som desse. Vel bekome!
Når de skal hove tao smalan eta
Mel.: Og mannen ville fra Nissen flytte
Når de skal hove tao smalan eta,
so hugs å fyll' opp to glass med væta.
Ein kopp med Lysholm
og ein med øl,
% so du ha' kjøft eller brygga sjøl %
På fatet der ligge hova kappa,
og fylde etter med kålrotstappa
og flot so potene ned kan gli
% du kjenne fort du vert lett og fri %
Med kvasse kniven og skjer og kuttar,
du drikk meir øl og siterer Luther
Du fylgjer opp med ein liten knert,
% mens smalahove til beingrind vert %
Vår kjære bygjest som dannet sitter
og spiser pølser, forskrekket titter
på alle mennesker som er så "tait"
% Schlapp av og smak på litt øyrnafeitt %
Å du frao Voss er vel metto no,
tao slafsa i deg tao kjøt og blo'
Tao drikka brennvin og syngja song,
% å byggja hytta på Øvre Rong ? %
Naor alt e' yve og mett me stunde,
desserten glir ned så nokonlunde.
Ta tak med hedna i vetla glas,
% og skål med alle i vårt kalas %
Etter maten
Mel.: Musevisa
Når dagane vert korte og kulden sete inn
då seie bonden til lambaflokken sin:
No skal me kappa hove og kveikje oss ein eld
så ska me svi dykk svarte og eta dykk i kveld.
Heisan og hoppsan i smalahovelag,
no ska me drikk' oss fudle og skjenkja oss i lag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar